Ansiktskrem med raudkløver, nyperoseolje og rosegeranium - Symre

380,00 kr

Symre ansiktskrem med raudkløver & nyperoseolje passar for alle hudtypar, men er særskilt god mot urein hud og for hud med aldringsteikn. Kremen er mjukgjerande og næringsrik, med naturleg talg som inneheld feittløyselege vitaminar som A, D, E, K. Kremen inneheld også villhausta raudkløver frå garden vår, som er rensande, nærande og mjukgjerande. Nyperoseolje er god mot urein hud, rik på antioksidantar og er særs god for aldrande hud. Rosegeranium er mykje brukt i hudpleie for sine eigenskapar mot urein hud, eksem, aldrande hud. Kremen har ein rik aroma av rose.

Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar.

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard, tistelolje, uttrekk av villhausta raudkløver, nyperoseolje, rosegeranium. Alle kremene våre er registrert etter norsk lov og har sikkerheitsrapport).